Om Twist, rock og keisar Haile Selassie


I morges lærte eg noko nytt, takk vere radioens P2, og mest takk vere bluesgitarist Knut Reiersrud.

For kva er samanhengen mellom Twist-posen og twisten på dansegulvet? Svaret er den etiopiske keisaren Haile Selassie. I 1954 vitja Selassie Noreg og Horten. I Horten sto skuleungane langs gata då keiseren for forbi, og dei ropte «Lamperør, lamperør!» Det var ikkje krenkjande – tvert imot. Det skuldast ein oppvakt lærar, som hadde lært ungane at ein skulle hylle keisaren, som på fransk heiter «l’empereur» – som på vestfoldsk måtte bli bli, ja nettopp, «Lamperør!» Men kor kjem så twist’en inn i biletet? Jau, keisaren hadde for vane å ete små sjokoladebitar ombord på flyet sitt. Air Etiopia spurde Freia om dei kunne lage noko knakande god småsjokolade til dei og keisaren.

Dei på Freia klødde seg i hovudet (får vi tru), for småsjokolade eksisterte ikkje her til lands i 1954. Det var, for å seie det slik, eit svart hol mellom Kokesjokoladen Med Stork og Kong Haakon-konfekteskene. Då kom ein av ingeniørane på at for om lag 30 år sida hadde dei brukt ei maskin til å pakke inn små drops i ditto små cellofan-stykke. No børsta dei støvet av og sette i drift denne vidundermaskina, som vart kalla – – – «The American Twist». Dermed var namnet og Twist-sjokoladen eit faktum, og «Lamperør» kunne gumle i veg på flyet heim.

Men på marknaden kom ikke Twist-posane før i 1958, då twisten som dans og musikkform byrja å ta av. Slik var no det, og han lever faktisk enno, han som sist fortalde det.
Så Haile Selassie var ikkje berre far til rastafari – han var og stefar til Twist’en.

Kommenter innlegget