Category: Lyrikk
-
LOKFØRAREN
I natt møtte eg lokføraren Han fortalde at når du kjører tog vestover den amerikanske prærien Sørover mot natta ligg stjernehimmelen fast Men mot nord endrar stjernebileta seg heile tida Blir du svimmel av denne straumen av stjerner er det berre å rette blikket mot det faste mot sør Dette er natur la ha til […]
-
Nåljos
///Iskald måne over svarte horisontar Attom bølgjande aks Løyner gult ljos frå grå hus Løyner nådelause glimt attom tagale tre Såkornet brenn Skular brenn Massegraver Despoten sine blå auge blundar ikkje Bleikt nåljos skjelv over Europa Tekst: Torstein Finnbakk Foto: Luca, Public Domain License
-
El-nissen
El-nissen, vart tom for batteri På nyåret stilna han av Til neste jul tenker eg det blir opptrekk-nisse med nøkkel bak Men det er lenge til Innimellom kjem Marit Vassause og andre merkjedagar
-
Men da
Men da han kom tilbakevaska og vaskadei same dønninganeog langt der utevar horisonten like bleik og utydeleg~Tekst: Torstein Finnbakk Foto: Eva C. Hildal @finnbakkskrivestue @fotoevachildal
-
Innme Gresvasselva
Stolt sto di – steinan – stolt Kvit gjekk han – forsen – kvit Grønn rann ho – elva – grønn Raud spratt ho – røyra – raud Ilt lét ho – rypa – ilt Krøkt veks ho – bjerka – krøkt Svart ligg det – båle – svart Stolt står di – steinan – […]
-
KØNTRI
Sauene ørtar og havskodda sig Oksen går rundt med ein flir Humlene humlar og gjeldkua mig attom ein trufast John Deer tofi-2021 Foto: Joshua Woods, public domain license
-
Korps i mai
Eg varmisunnelegpå dei som vart utvaldetil å speleI skolekorpset Men sjølv klarte eg nestenå hamre meg gjennomheile «Ja vi elsker»På xylofon Sidan har eg alltidvore på leitingetter ein alternativFedrelandssong 🎺 tofi 2021
-
Befolkningsanalyse
Eit utval konkluderer med at det no bur færre folk i distrikta Årsaka er at det no bur færre folk i distrikta. Tekst: Torstein Foto: Michaelf Fousert, fri lisens
-
Om kino og gul fugl
Den første filmen såg eg på samfunnshuset,truleg syttande mai.Ein gul fugl var med,veit eg.Eg var i førskolealderen. Meir enn 60 år har gått no.Sida har eg sett mange filmar eg ikkje hugsar. For ikkje å snakke om dei eg aldri fekk sjå.
-
///
Han tenker kan hende på sola som varma på regnet som piska over eit lunt bol på ungane som fór prøvande i vinden på snøen som falt og som snart kjem att Kan hende Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein Finnbakk
-
Bortanfor
Bortanfor skoddedottar attanom svarte fjell langt bortom sky ligg det gylne landet Den forgylte staden kor stundom sol bryt fram Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein Finnbakk
-
FESKARENKA
FESKARENKA //Enno //før ho va skikkele vaken //smilt ho //i drømmen //om at alt va som før //Men då ho slo opp auan va di full av flagranes redsel og me sjale over akslan lista ha seg ne //Men heller ikkje i natt //va der folk //i svalgangen ///Torstein Finnbakk – «Fem stjerne blenk» Sjømannens […]
-
I nattmorraskodda
//Attani blautmyralandet Grov dei opp grøfter Slepa på gråstein Bortanfor storsteinatstykkjet Vaks det ein mur Skoddeheimsmuren I morralysdis //Tekst og foto: Torstein Finnbakk @tofi1952 @finnbakkskrivestue
-
GAMMALBÅTEN
Vi har fare fint åt med gammalbåten Nymåla er han og dugeleg bunnsmurt God for mang ei ferd og meir enn eitt varp I maksvér på heimsjøen No ligg han forsvarleg fortøyd på land I sommar vart det ikkje om at han kom på sjøen Yamaha-en står i naustet Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein […]
-
Naustet
Naustethans onkel Bergvald på Roparnesetvart forma og designa etterrekveden sin struktur og arkitekturog vaks fram i harmonimed sørvestvintraneHer lagra hansildekasser og hesjestrengVindusrammer funne på rakog nesten sjøsettande brukOljehyrog nyttige syredunkartil fløytHer samla han metervis med rørtil vassleidningasom aldri var noko av Den fjortenfots heksbåten låg kvelva utfor veggen Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein Finnbakk
-
Kampdag
Vi var vant til å ri same dagen vi sala I fjor ropte vi frå dei høgaste toppane og gynga frå den øvste greina I år spør vi om lov til å synge på altanen 1. mai 2020
-
GATE I SKRÅTT LJOS
Folk slentrar i gata Skrått ljos over fallande lauv Løparen spring lett forbi Ein dag skal vi kome heim Foto: Eva C Hildal Tekst: Torstein Finnbakk
-
SKOTTLANDS LYSESTE HODER
Noen frie gjendiktninger etter den skotske poeten, musikkartisten, humoristen og multikunstneren Ivor Cutler. Cutler opptrådte blant anna i Beatles-filmen «Magical Mystery Tour». Disse tekstene mine ble første gang publisert i tidsskriftet Albatross nr. 4 1990, hvor Magnar Mikkelsen var utgiver og redaktør. SKOTTLANDS LYSESTE HODER — Skottlands lyseste hoder kommer fra silda, sa bestefar. 0g […]
-
Fødd 1952
Eg minnest vintran heime – men mest våran den tida vegan vart hengemyre og Marshallhjølpa va ei gul vegskarpa Utdrag fra Torstein Finnbakk: «Fem stjerne blenk»
-
Korn
Gylne aks vaiar i vinden Under ein stålgrå himmel Utan korn låg alle landa aude Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein Finnbakk
-
Sitte-diktet
Det er godt å sitte på gjerdet. Heilt til du skal hoppe ned og du oppdagar at du sit oppå ein av staurane. tofi – 2019
-
Sjukehus-strid på Helgeland
Maken til ureint trav har eg ikkje opplevd. Ikkje sida gjeldkua heime sklei i si eiga ruke og vart sittande i eit kvepsebol, ei kort stund.
-
Utan tittel
Men da han kom tilbake vaska og vaska dei same dønningane og langt der ute var horisonten like bleik og utydeleg ~ Tekst: Torstein Finnbakk Foto: Eva C. Hildal @tofi1952 @finnbakkskrivestue
-
Universitas
Universitas – E ha gådd på Skogmo Universitetet, pleide han å seie, humoristen og rørleggjaren Svein frå Brønnøysund. Han gjekk bort for nokre år sida. Han var ein kar som visste mykje, ikkje minst om hurtigruta. Dette var før nokon kom på den narrestreken at kvar einaste læreanstalt i kvar einaste snobbete norsk by skulle […]
-
VEGG
Slipa av vind bleika av sol, krøkt av tid, men står, tett lafta, fersk i margen . . Tekst: Torstein Finnbakk @tofi1952 @finnbakkskrivestue Foto: Eva C. Hildal @evac.hildal
-
UTAN TITTEL
Som ein drope i vinden Som eit lauvblad i skogen Som ei fjær i lyngen Som ein dag imot vest Foto: Eva C. Hildal @evac.hildal Tekst: Torstein Finnbakk @tofi1952 @finnbakkskrivestue
-
VÅR
«Hang down your head Tom Dooley…» Ho la att augo og song, mens ho slo på strengane og samtidig kika ned i Jørgen Ingmanns nybegynnarkurs. «Hang down your head and cry…» Ho tromma tankefullt på Lucky Seven-gitaren og tenkte seg langt, langt forbi strekkmetalltrappa, eit kast med hovudet, fekk lokkane vekk frå fjeset. Eit […]
-
Bordet
På kjøkenbordet var livsgrunnlaget. Der vart grauten og flatbrødet sett fram, og grovkaka og lefsa, nyrørt rips og godt smør. Til kvardags kasserollen med uskrella, mjølne potetar. Lettsalta torsk og flesk. Ein sommars dag sprøsteikt auring frå den grunne bekken. Raud i kjøtet. Kjøkenbordet var midtpunktet for ei handfull menneske som benka seg rundt det […]
-
Heim
I mange dagar hadde vi gått. Både hundane og vi var svoltne og slitne. Så vi lægra oss der ved stranda. Det regna ikkje lenger. Langt der borte skein dei kvite fjella, fjella våre. . . . Foto: Eva C. Hildal @evac.hildal Tekst: Torstein Finnbakk @tofi1952
-
Skrifta
Andre gongen det flødde gjekk eg dit ned, og las den same skrifta. Neste dag gjekk eg ikkje ut. Etter kvart la isen seg i flomålet. Du kan ikkje gå på den same stranda to gongar. . . Foto: Eva C. Hildal @evac.hildal Tekst: Torstein Finnbakk @tofi1952
-
Det som var
Haken heldt vindauget på gløtt og slepte fri eimen av steikt sild og tynne rullings. Kvitmålinga slepp taket og rusten tving seg fram. Enno held ho stand, grønmålinga ho kjøpte billig på auksjon. Foto:Eva C. Hildal @evac.hildal Tekst: Torstein Finnbakk @tofi1952 @finnbakkskrivestue
-
At det hadde vore
At det hadde vore liv At det kunne vere liv At det var liv Ein stad Mellom skjøre flak Og svart vatn Såg vi Då isen brast Foto: Eva C. Hildal Tekst: Torstein Finnbakk
-
Sakn
– Ke D går me deinn syke? – Beire. Mæn eg har frøktele ont når eg klip meg i nakken me beidde heinn. Så D ha eg måttæ sluittæ me! ©tofi2019
-
Enno ein snev
Enno er ikkje verda og veret gått heilt av hengsla Enno ein gong fekk eg sjå ein snev av midtvinters svartmildverskog ©tofi2019
-
Oppe frå
Oppe frå bergknausen kunne dei sjå fjorden og kanskje dei blå fjella bakom. Dei kunne unne seg ein rast. Det var langt heim, men dagen var ljos og sola varma litt framleis. Tekst: Eva C. Hildal Foto: Torstein Finnbakk Instagram @eva.c.hildal @tofi1952
-
Den nye
Den nye guten heldt vi oss unna Han gjekk underleg og hadde frekner Heller ikkje hadde han fødselsdag om våren ToFi 2018
-
Kvinne på Ipanema
35 grader i formiddagsskuggen Men ho gir blanke Luftig kjole Blårutete parasoll Hastar bortover promenaden Bryr seg ikkje Ensar ikkje turistar og tiggarar halsande sveitte trimmarar Varesyklar med isbitar Ropande tøyseljarar Hastar vidare så fort sandalar og stokk maktar Truleg skal ho heim Ho er ei kvinne På Ipanema #riodejaneiro 2015
-
Kvild
På ein benk i skuggane under dei grøne by-trea finst ei svalare verd for trøytte menn og tørste hundar … #riodejaneiro 2015
-
Diktet om «Dorthea»
Ein slitar på kysten Bygd på Vestlandet i 1898 I fjordfart, i kystfart Med tømmer og plank Bølgeblikk og forhudningspapp Mjølkespann og smørbuttar Taugkveiler og nøter Høyballar og kornsekker Komfyrar og sild og sirup og tang, ikkje minst Og ei geit som stod i band frå Hortavær til Måneset Rundt 80 år gamal vart […]
-
Topptur
Vi sveitta oss til topps Aslam tolk, Tarjei og Eg Der møtte vi den heilage mannen brunbarka, mager og vindskeiv Han peika utover dei veldige skogane og forklarte himmelretningane Så sette han seg på huk og kleip sund ein lime og blanda med friskt vatn og rikeleg med sukker Lot oss få i glaset sitt […]
-
Vridd og varpa
Vridd og varpa Djupe grå vindslepne furer Jorda tar sitt tilbake Tid etter tid Til mold skal du bli tekst: Torstein Finnbakk foto: Eva C. Hildal @evac.hildal @finnbakkskrivestue
-
Ein lurvete roman
Ein lurvete roman og den gamle trøya pakka inn i ei skitten matte på ei rusten kjerre Håpet låg att i minna om ho som drog Tekst: Torstein Finnbakk Foto: Eva C. Hildal #poesi @tofi1952 @Finnbakkskrivestue #malaga #sorthvitt
-
Løkka – et dikt og en sang
Pål-Are Bakksjø har skrevet en vakker melodi til dette diktet mitt. Diktvideoer fra forfatteren Flere dikt finner du i e-boka «Fem stjerne blenk»
-
Ønske mot haust
Å, den som kunne være den som kjører følgebil gjennom tunnel. Att og fram, att og fram. Høre på radioens P4. Småkaffe. Att og fram, att og fram. Matpakke. Kaffe. Att og fram, att og fram. Høre på radioens P4. Heim. Middag. Et herlig liv.
-
Ho Maret Ellen Mårfjell fødd i dølgsmål
På blanke kvelden kom de fram tel Bratteng Di va på veg med rein mot vinterland Di fekk ein plass å kvil på eldhuslofte Og det va blåe haust og kaldt og klårt Ho Maret va på let som bleike snyen Og ryggen vart så vrang me ve og verk Ho svor på bo’n på […]
-
Sailtfjille
Dette diktet skreiv jeg i 1979, altså for om lag 35 år sia, under kampen for bevaring av Saltfjellet-Svartisen. Roar Nygård komponerte en nydelig melodi til diktet. Førstkommende søndag er det markering på fjellgarden Bredek, i anledning av at det er 25 år sia vedtaket om Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark». Derfor publiserer jeg nå dette diktet, tross svakheter i […]