Tag Archives: vatn

GAMMALBÅTEN

Foto: Eva C. Hildal

Vi har fare fint åt
med gammalbåten
Nymåla er han
og dugeleg bunnsmurt
God for mang  ei ferd
og meir enn eitt varp
I maksvér
på heimsjøen

No ligg han forsvarleg
fortøyd på land
I sommar
vart det ikkje om
at han kom på sjøen
Yamaha-en står i naustet

Foto: Eva C. Hildal
Tekst: Torstein Finnbakk

 

Legg igjen en kommentar

Filed under Feature, Lyrikk