Universitas
– E ha gådd på Skogmo Universitetet,
pleide han å seie,
humoristen og rørleggjaren Svein
frå Brønnøysund.
Han gjekk bort for nokre år sida.
Han var ein kar som visste mykje, ikkje minst om hurtigruta.
Dette var før nokon kom på
den narrestreken at kvar einaste læreanstalt
i kvar einaste snobbete norsk by
skulle smykke seg med å vere universitet.
Grunnutdanninga si fekk han Svein
i grendeskolen
på Skogmo
som og er borte.
