Den sløkte lykta
står og kjenner seg
unyttig
Som eit vagt minne
om natta
som har vore

Den sløkte lykta
står og kjenner seg
unyttig
Som eit vagt minne
om natta
som har vore
///Iskald måne
over svarte horisontar
Attom bølgjande aks
Løyner gult ljos frå grå hus
Løyner nådelause glimt
attom tagale tre
Såkornet brenn
Skular brenn
Massegraver
Despoten sine blå auge
blundar ikkje
Bleikt nåljos
skjelv over Europa
Tekst: Torstein Finnbakk
Foto: Luca, Public Domain License