Tag Archives: journalistikk

Hjartesukk om lokalmedia og kultur

Ein kan ikkje vente at eins eigen hobby heile tida skal bli pensla ut i det vide og det breie i lokalavisa. Det var innhaldet i noko ein redaktør eg kjende ein gong uttalte. 

Misnøye og kritikk av lokalavisa si dekning av kulturarrangement som konsertar, ulike «stor-oppsettingar» og slike ting  var tema, då som no.

Sjølsagt hadde redaktøren mykje rett, og mykje rett har dagens redaktørar og, når dei skal gå i møte den evigvarande kritikken av for lite dekning. Ofte er det kvantitet som blir etterlyst, avisa skriv «for lite» om dette og hint, ein vil ha meir. Innimellom blir til og med også kvaliteten nemnd. Kulturlivet vil ha ein «ordentleg kulturjournalist» på plass. Lite forståing har det alltid vore der ute, for det faktumet at ei lokalavis sjeldan eller aldri kan sjå seg rå til å tilsette eit kobbel med journalistar som er ekspertar på kvart sitt fagfelt. Ideelt skulle ein då ha hatt både musikarar, teaterfolk, juristar, idrettsfolk, teologar, legar og økonomar i staben, ein stab som i røynda består av fire-fem personar som skal dekke bokstavleg tala alt mellom himmel og jord, kvar einaste dag, kvart einaste døgn, inkludert helgeturnus.

Før var det redaksjonelle stoffet avhengig av å konkurrerer om ei viss del av ei avgrensa papir-flate. Artiklar skulle ikkje vere for lange, og ein måtte som regel vere gjerrig med bildebruken. Ikkje minst fordi marknadsavdelinga opptok ein stadig større del av leseflatene. Så mammon kom først, også den gong.

Men i nettavisene finst i røynda ikkje noko plassproblem. Her blir nesten ingen tekst for lang, og ein kan publisere «bildespesial» utan grenser, noko som og blir gjort med vekslande hell. Men det har blitt eit stadig sterkare krav til lesartal per sak, populært kalla «klikk». Dessverre, for ein seie, er det blitt så lett å registrere kor mange som «klikkar» seg inn på ein artikkel. Og klikk betyr pengar. Derfor er det blitt enno meir legitimt å la kommersielle omsyn gå fremst, framfor omsynet til både breidde og djupn i lokalavis-stoffet. Snarskrivne «saker» gir meir for pengane enn gjennomarbeidde reportasjar, omtalar og portrett. Reell gravande journalistikk finst praktisk talt ikkje i dagens lokalaviser.

Sjølv meiner eg det finst enda ein faktor som gjer kvaliteten i lokalavisene monaleg dårlegare enn før: Dei som blir stampa ut frå dei såkalla jpurnalistutdanningane har stort sett og gjennomsnittleg ein annan bakgrunn og andre haldningar enn tilfellet var før. No er det dei skuleflinke frå dei sosiale mellomlaga, oftast frå byane, som slepp gjennom nålauge og får inngangsbilletten til yrket, for ofte med karriere og glamour i blikket. Før kunne ein skrive eller fotografere seg inn i yrket, ut ifrå ein unik interesse for – ja nettopp – skriving og fotografering. 

For å avrunde: Paradokset er at sjølv om nettmedia har opna for nærmast grenselaus boltring i takst og bilde, har omsynet til «inntjening» sett ei brutal sperre for dette – så lenge avisleiarane lar seg styre av slike omsyn.

(Dette var eit hjartesukk frå ein gamal mann som tida sikkert har gått forbi.) 

Kommenter innlegget

Filed under Feature