Tag Archives: finnbakk

FEM STJERNE BLENK — DIKT Kjøp e-boka

Diktsamlinga «Fem stjerne blenk» av Torstein Finnbakk kan du enkelt laste ned som e-bok.

Med nordnorsk lynne tolkar Torstein Finnbakk sin eigen landsdel, folk og natur, i fortid og nåtid. Han nyttar ulike uttrykksmiddel — frå underfundig kortform til myndig viseform. Og her er ikkje langt frå saftig humor til djupt alvor.

FESKARENKA

Enno
før ho var vaken
smilt ho
i drømmen
om at alt va som før

Men då ho slo opp auan
va de full av flagranes redsel
og me sjale over akslan
lista ho seg ne

men heller ikkje i natt
va der folk
i svalgangen —

Boka blei første gong utgitt i 1982, og var i mange år vore utseld frå forlaget.

femstjerne_pdf
Men Finnbakk Skrivestue har produsert den som e-bok, som du kan laste ned.

I tillegg til dei opprinnelege dikta, inneheld e-boka også diktet «Saltfjille».

Om du er interessert i boka og vi vite korleis du kan laste ho ned, sender du oss ein e-post. Da får du svar med ein gong, med lenke til boka.

E-boka kostar 100 kroner, som du kan vippse til Finnbakk Skrivestue #566947.

1 kommentar

Filed under Lyrikk, Omtale, Uncategorized