MATTIS – DU JOIKA

MATTIS DU JOIKA

//Tråilltampen 1979, fra boka «Fem stjerne blenk»

Grasbakken dampa

Lufta ho dirra

Tusener lytta

Sola ho stansa

Mattis – du joika

Stemmen din lydde

Varleg som vinden

Piska som snøen

Kviskra som bekken

Trippa som simla

Kofta var vakker

Gular enn molta

Blåar enn vatnet

Raudar enn ilden

Mattis – du sto der

Songen var mektig

Glimta som kniven

Slo imot skogen

For nord til vidda

Tok oss til Elva

Tok oss til Landet

Lenker og lavvo

Joiken var gammal

Joiken vart ny og

Mattis – du joika

Tileigna Mattis Hætta, 1959-2022

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: