Jon Michelet – en folkets helt

Ei bokmelding

Eg har akkurat gjort unna Mimir Kristjansson sin biografi «Jon Michelet – en folkets helt», som lydbok. For mange av oss gamle ml-arar var Jon M. nærmast ei levande legende, ein kar som i det mangslugne virket sitt gjennom tiåra heldt nokolunde fast på politikken, men samsundes levde sitt eige liv og fant på litt av kvart, den einaste reale kjendisen i rørsla. Livet hans kan kanskje bli summert opp med Hans Rotmo si songstrofe «Hainn ha virri med på mangt, både rett og vrangt, mykkji gikk vel langt, men det va ganske interessant!»  

Den særs grundige biografien startar med fødselen og ender der den kreftsjuke Jon ligg på det siste og handskriv ei for ei dei siste sidene i den gigantiske romansyklusen om krigsseglarane. Mellom dei to ytterpunkta ligg 74 år med levd liv, Jon som ung sjømann og styrmann, journalist, eventyrar, redaktør, debattant, politikar, ektemann og ikkje minst far – og ikkje å gløyme utskjelt skjørtejeger og av og til ein fuktig sådan. Av og til syns eg nok at biografen blir vel nærgåande. 

Boka inneheld mykje politisk samtidshistorie, som mange vil nikke gjenkjennande til, og andre vil ikkje nikke fullt så mykje.

Ikkje minst var Jon M. forfattar. Alt i alt makta han å levere over 40 bøker, i tillegg til eit høgt tal artiklar i dagsaviser og vekeblad.

Biografen har fått med seg mykje, og mykje av det spennande og morosamt, historier som ofte Jon M. sjølv var kjelda til. Biografien teiknar eit bilete av ein mann som både kunne vere brautende og audmjuk, stor i kjeften og bråsint, men som også i høg grad evna å lye til andre, var jovial og tidleg sto på venskapleg fot også med menneskje han var politisk svært ueinig med. Her slår det meg at biografen Kristjansson har ikkje så lite til felles med Michelet.

Alt i alt ei sterk bok om han som nok blir mest hugsa avdi han utretta ei storverk med at han med ei heldig penn og brei pensel laga eit velfortent minnesmerke over dei norske krigsseglarane. Dette storverket vart slukt av fleire titusental takknemlege lesarar. Det brakte han diverre ingen nobelpris, men arbeidet for å rehabilitere sjøens heltar gjorde at han gjekk ut av tida som «en folkets helt».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: