LOKFØRAREN

I natt møtte eg lokføraren

Han fortalde at når du kjører tog

vestover den amerikanske prærien

Sørover mot natta

ligg stjernehimmelen fast 

Men mot nord

endrar stjernebileta seg heile tida

Blir du svimmel av denne

straumen av stjerner

er det berre å rette blikket

mot det faste 

mot sør

Dette er natur 

la ha til og forklarte

at oppe på Saltfjellet

skal dei lage ei utstilling

om  dette

Tre stolpar

med ei fastlagd plassering

Når du siktar mellom dei

kan du sjå 

korleis det heng saman 

Lokføraren hadde på seg

venlege fritidsklede

men når han er på jobb

ber han ei av desse

store skjermhuvene

ein fargerik halsduk 

og lange arbeidshanskar av skinn

på nevane

Det kan vere spennande 

å stå der

fremst i toget

Om noko hender i natta

får du ikke tid til å bremse

Du berre køyrer på

Sa han

og kvarv

Tekst: Torstein Finnbakk

Reklame

Forfattar: Torstein Finnbakk

Finnbakk Skrivestue Orgasnisasjonsnummer: 919 743 700 finnbakk.com Jeg tar gjerne oppdrag - artikler og reportasjer for aviser, tidsskrifter, - bokprosjekt, dokumentar, hefter, årbøker, - språklig bearbeiding og kvalitetssikring - oversettelse bokmål – nynorsk - foto Min bakgrunn: Over 30 år som journalist, kommunikasjonsrådgiver, forfatter og skribent Bokutgivelser: «Når star kan jage måse» (lyrikk, Oktober forlag, 1978) «Fem stjerne blenk» (lyrikk, Tiden norsk forlag, 1982) «Hemnes i krig 1940-45» (faglitteratur, lokalhistorie, Hemnes kommune 1995) Messenger: messenger.com/t/finnbakk facebook.com/finnbakk Instagram: @finnbakkskrivestue e-post: torstein.finnbakk(at)gmail.com tlf +47 909 82 968

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: