Om han Jack Berntsen hadde levd

///Om han Jack Berntsen hadde levd

//Om han Jack Berntsen hadde levd, då hadde han tatt på seg den slitte skinnjakka si og klødd seg i skjegget og leita fram den gamle gitaren sin og laga ein song.
Det skulle ha vorte ein song om ho Lena som vakna av eit frykteleg drønn. Det skulle ha handla om at blokka ho budde i og skolen ho gjekk på vart lagd i grus, berre fordi ein mann borti eit anna land hadde fyra av alle nyttårsrakettane sine i mars
— enno det ikkje var lov
— og brent ned husa til folk som låg og sov.
Om han Jack Berntsen hadde fått levedagar, ville ha skrive songen om ho Lena som rømte over grensa saman med ho mamma og han lillebror, mens han pappa måtte i krigen og ein sliten, men trufast tøybamse vart liggjande att i ei branntomt.
Det ville han ha gjort, han Jack Berntsen, og så ville han ha rive seg i skjegget og slått på gitarkassa
— og tatt grep
— og sett seg ned saman med ungane,
og sunge av full hals at
«de store slemme lainnan de ska kje føl sæ trygg
— de snille land skal reise sæ og velte dem på rygg!»
///

Bildet: Bearbeidd avisutklipp

Kommenter innlegget

Filed under Feature, Lyrikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s