…lukkast med å uttrykkje denne røyndomen med ein korthogd, effektiv språkbruk.

Heiderleg og fin omtale i Dag og tid 19.11.2021:

//Moskenes-kjerka

//Då stormrossa kom
//slept ho seg på kne
//og krøkt seg fast
//me alle fire klørn

//Bratt i nakken va ho
//– svart i auan
//– men kvit i synet

//Du vill ikkje tru det
//når eg påsto ho bantest

///Torstein Finnbakk

«Moskstraumen var truleg det mest kjende norske naturfenomenet i tidleg nytid. På gamle kart frå 1500- og 1600-talet er malstraumen tydeleg markert. Denne straumen gav inspirasjon til forfattarar som Jules Verne og Edgar Allan Poe.
Dette er ikkje nemnt i diktet attmed, men eg synest det formar eit høvande bakteppe.
Det handlar altså om kyrkja på Moskenes, ytst ute på Lofoten. I diktet gjennomfører Torstein Finnbakk eit klassisk grep: Kyrkja får menneskelege eigenskapar, der ho krøkjer seg fast i berget når stormen kjem over, ho liketil bannest når det står på som verst. Ironien er sjølvsagt at det handlar om ein kristeleg bygning.

Den svarte humoren saman med ein referanse til eit vêrhardt landskap kjenner vi att frå nordnorsk litteratur og folkeminne. Det er som kjent òg eit utgangspunkt for nordnorske klisjear, men Finnbakk lukkast med å uttrykkje denne røyndomen med ein korthogd, effektiv språkbruk.
Eg har skrive om ei rekkje helgelandske diktarar. Torstein Finnbakk er siste mann ut i serien. Finnbakk er frå Hemnes. Han skapte debatt i poesi-Noreg i 1978, då Når star kan jage måse kom ut under pseudonymet ToFi. Visesongaren Jack Berntsen skriv i føreordet til samlinga at «Nord-Norge er i faresonen som aldri før: Oljevampyrene svinser prøvende over havet vårt med nesborene vidåpne».

Diktsamlinga er sterkt prega av den politiske kampen i samtida. Boka vekte ordskifte om litterær kvalitet, men Finnbakk fekk støtte frå mellom andre Tron Øgrim. Helge Rykkja skreiv hovudoppgåve om ToFi-debatten.
«Moskenes-kjerka» er frå Fem stjerne blenk frå 1982, der livsrøynsle og vidsyn spelar saman med det politiske. Eg ville sjå denne kyrkja og slo opp på Wikipedia. Der ser eg at diktet enno har ein politisk bodskap: «Moskenes kirke er preget av forfall og har et stort behov for reparasjon og vedlikehold. Kostnadene er beregnet til 2,5 millioner kroner, men Moskenes kommune mangler finansiering.»»

///Ronny Spaans
i Dag og Tid, 19.11.2021

FEM STJERNE BLENK — DIKT Last ned e-boka
Reklame

Forfattar: Torstein Finnbakk

Finnbakk Skrivestue Orgasnisasjonsnummer: 919 743 700 finnbakk.com Jeg tar gjerne oppdrag - artikler og reportasjer for aviser, tidsskrifter, - bokprosjekt, dokumentar, hefter, årbøker, - språklig bearbeiding og kvalitetssikring - oversettelse bokmål – nynorsk - foto Min bakgrunn: Over 30 år som journalist, kommunikasjonsrådgiver, forfatter og skribent Bokutgivelser: «Når star kan jage måse» (lyrikk, Oktober forlag, 1978) «Fem stjerne blenk» (lyrikk, Tiden norsk forlag, 1982) «Hemnes i krig 1940-45» (faglitteratur, lokalhistorie, Hemnes kommune 1995) Messenger: messenger.com/t/finnbakk facebook.com/finnbakk Instagram: @finnbakkskrivestue e-post: torstein.finnbakk(at)gmail.com tlf +47 909 82 968

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: