Farvel, farvel klorofyll!

Hagl! Lukk døra, tenn lampa! No kjem han med han igjen.

Sommaren. Vi gikk med hjartet i halsen, visste at han  ein dag tok slutt –  no er han over.  Vi må vidare i runddansen.

«You gotta move! Du må dra i veg!» syng Mississippi Fred McDowell, som eg denne septemberdagen så snedig har som lydspor i bilstereoen –  på min lettare regisserte ferd mot hausten.

«You gotta move!» Innspela i 1965. Mange nye akkordar har blitt slått på bottleneckgitaren sida den gongen. Mick Jagger song også den songen om at vi må dra, med de breide leppene sine: «You gotta move!» Mick har for lengst tippa over dei 70. Sommarar har gått. Og haustar, ikkje minst.

Ein tind og venene hans har enno ein gong fått snø på toppen. Celsiustermometer viser ikkje lenger 25, men 2,5.

No er det stopp, potetene er gravd opp, rundballane er pakka. Elg og sau blir skotne og heng etter bakskankane.   Skolane har starta. Haltande, men med praktisk talt blanke ark.

Blada har for lengst tatt til å bli tørre og gule. Men no er det alvor.

Fotosyntesen, prosessen kor solenergi pluss vatn pluss karbondioksid gir druesukker og oksygen –  blir skrudd av.  Klorofyllen renn ut av plantane som sand frå eit timeglas. No får vi sjå kva det er gjort av, det fargerike fellesskapet:  Sjå, lyngen var ikkje grøn, men raud. Og gul. Og oransje. Og brunspetta.

Det skuldast ifølge mitt oppslagsverk eit fargestoff som sommaren gjøymde.

Karotenoidar heiter det. Oppkalla etter det engelske ordet «carrot», gulrot, rett og slett. Den fargen finst i reke, hummer, krabbe, kantarell, løvetann  – og i røsslyngen langs fylkesvegen.

Ein professor i botanikk , har sagt det så treffande: «Når det tar til å bli kaldt i lufta, stansar treet fotosyntesen, og da stansar også vasstilførslen. Det er om lag som når ei bedrift blir lagt ned. Kvifor skal den då kjøpe straum?» Nåja, kanskje mykje å seie om denne samanlikninga, men vi skjøner kva han meiner. Og kva skal ein vel med straum, når røsslyngen er nedlagd og bladlusa permittert?

«You gotta move.» Som sagt.

Dette er årstida da medlemmene av Norsk Hagebåtforeining blir anonyme, fordi også alle andre sine båtar snart ligg på land. Der ute ventar hauststormane. Du som seglar på trass, skal få smake storm. «Fløtt deg – You gotta move.»

Vi har dansa ein solsommar, billedleg sagt, sevja steig i kroppen og grunnvatnet sokk. No kjem den bønlause, skarpe årstida, med strikkejakke, huva godt nedfor øyra, vinterdekk, ski, peis og panelomnar. Og snømåking.

Han kjem til alle, hausten, som ein nemesis: » You may be high, you may be low. You may be rich, you may be poor – Du kan være høg eller låg, rik eller fattig.» Hjelper ikkje. Lyng eller lauv – same det, no ber det i veg.

For ikkje å snakke om når den store, store hausten kjem: «But when the lord gets ready You gotta move».

Men kjem han ikkje snart med  ei ny vårsol?

Jaudå.

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Filed under Feature

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s