Heia Larris!

Hugsar du den heilnorske teikneserien Vangsgutane oppe frå Todalen? Nyleg vart eg minna om korleis det var med dei karane. Moralen i serien er av det enkle slaget: Det går deg bra med ærleg framferd og strevsamt arbeid, medan dei som ikkje er like flinke, blir dårleg lønt. Steinar og Kåre Vangen er arbeidsame gutar og gjer alltid det som rett er. På feil side er husmannsguten Larris. Ham driv med rampestrek og vil gjerne øydeleggje for Vangsgutane. Larris er rampete, lat og doven og finn på kreative pek – og difor blir han dømd nord og ne. Men kven tykkjer du eigentleg best om? Prektige Kåre Vangen som alltid gjer det som læraren seier, og heller ikkje går av vegen for å sladre og tyste på andre når det byr seg eit høve? Det finst mang ein vangsgut, av begge (alle?) kjønn: Eg skal varsko ho mor om at du bantes! Eg skal seie til læraren at du geipa bak ryggen hans! Det er ikkje lov å stupe her! Det er ikkje sunt å ete smågodt! Og som vaksne held vangsgutane og -jentene fram med å vere vangsgutar og passe på at vi andre gjer det som rett er. Hevar moralske peikefingrar mot dei som ikke syklar til jobben, ikkje et fem grønsaker om dagen, ikkje går tidleg heim frå fest. Røyst når det er val, hiv ikkje plast, kjeldesorter og tukle ikkje med knallfenghetter!
Mens Larris, derimot… Vi kan aldri få nok larrisar.

Kommenter innlegget

Filed under Feature

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s