I botn og grunn, som det heiter

La det vere sagt med ein gong: Eg har mine grunnar til å skrive dette.

Med andre ord: Eg har min eigen, skjulte agenda. Men dette inseratet er først og fremst eit bidrag til grunnforskinga – ein forsømt disiplin.

I boka «Den tvilsame tvillingen» av Mark Twain heiter hovudpersonen Kjøtthue Wilson. Namnet fekk han ein gong han gikk i land frå lokalbåten. På kaia fekk han auge på eit redselsfullt stygt beist av ein hund. Wilson peika på kjøteren og ytra omtrent følgjande: «Skulle ønske eg åtte halvparten av det dyret.» «Kvifor det? » «Fordi då ville eg avlive min halvpart», svara Wilson. Sidan meinte folk at han ikkje var spesielt glup – eller djup, som det også heiter. Med andre ord: Han blei stempla og plassert i lag med dei grunne i verda.

Det er ikkje spesielt problematisk med dei grunne som allereie har kome ut av skapet. Vi veit kor vi har dei. Verre er det med den  skjulte grunnheita – ofte kamuflert som djupheit. Blant utøvarane av kamuflert grunnskap er bablarane dei verste, dei som strør om seg med standardutsegner som «Ting tar tid», «Vegen blir til mens ein går», «Ein må sette tæring etter næring» og «i forhold til». Om den slags tyt ut av kjeften på folk, ønsker eg ofte at dei heller kunne ha synleggjort grunnheita si med for eksempel å tale om det fine veret vi har fått – eller rett og slett konversere om korleis ein gjeldar ein gris.

Spør du eit djupt menneskje, som ser ut til å ha falt i djupsindige tankar, om kva det funderer på, kan svaret vere «Eg grublar på kva vi skal her nede.»

Spør du derimot eit grunt menneskje, som ser ut til å ha falt i djupsindige tankar, om kva det funderer på, vil det til dømes svare: «Eg trur eg ska gang å pess.»

Forsvaret er ein etat kor dei grunne har det godt. Førstegongstenesta er faktisk det einaste høvet vi får til å lære oss noko så samfunnsnyttig som å stå i grunnstilling. Ein i troppen vår på rekruttskulen stilte forresten følgjande spørsmål til troppssjefen: «Ke vi ska gjær når vi bi nesten fri for skokrem?»

Eg minnest at vi hadde ein sambandsoffiser som vi slett ikkje mistenkte for å vere nokon uoppdaga åndshøvding. Derfor skvatt vi ein smule då han i ein time om felttelefonien sine mysterium starta førelesninga slik: «Eg har en filosofi: Kveil og merk!»

Ein bør og merke seg den livsvisdommen som ein bonde heimefrå ga uttrykk for: «Eit langt liv ha lærdd meg  at ska du jagæ sauen uinnæ lainne, så lyt du kom deg på øversiæ a dem.»

Eg kjenner ein hobbyfiskar. Rett nok er han akademikar, og han har vel sine grunnfag, men han vil nødig stå fram som djup. Når eg spør ham om kva det er som dreg han ut på dei store, våte viddene helg etter helg, svarar han, uutgrundeleg: «Eg har mine grunnar.»

Det kan hende han tilføyer: «Særs gode grunnar». Og om han er i det snakkesalege hjørnet legg han kanskje til: «Eg har mine heilt bestemte grunnar, seigrunnar.»

Eller som guten sa då han kika over båtripa:

«Eg trur…eg trur..» sa han med seg sjølv. «Eg trur her er djupare enn eg trur.»

 

 

Denne petiten skreiv eg for nokre år sidan. Dette er den nynorsk-versjonen.

Legg igjen en kommentar

Filed under Feature

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s