VÅR

Foto: Eva C. Hildal

Foto: Eva C. Hildal

 

«Hang down your head Tom Dooley…»

Ho la att augo og song,
mens ho slo på strengane
og samtidig kika ned i
Jørgen Ingmanns nybegynnarkurs.

«Hang down your head and cry…»

Ho tromma tankefullt
på Lucky Seven-gitaren
og  tenkte seg langt,
langt forbi strekkmetalltrappa,
eit kast med hovudet,
fekk lokkane
vekk frå fjeset.

Eit nytt grep,
ho  nynna lågare,
ifall dei sat og lya der inne.

Med eitt la ho gitaren ifrå seg,
kjeik vaktsamt over skuldra
før ho drog fram det kvite arket
ho hadde gøymd innpå barmen,
glatta det ut der i fanget,
las den jamne handskrifta
enno ein gong.

Det  kom så langt bortanfrå,
hadde vore så lenge på reise,
brevet.

Foto: Eva C. Hildal
@evac.hildal

Tekst: Torstein Finnbakk Foto
@tofi1952 @finnbakkskrivestue

 

Reklame

Forfattar: Torstein Finnbakk

Finnbakk Skrivestue Orgasnisasjonsnummer: 919 743 700 finnbakk.com Jeg tar gjerne oppdrag - artikler og reportasjer for aviser, tidsskrifter, - bokprosjekt, dokumentar, hefter, årbøker, - språklig bearbeiding og kvalitetssikring - oversettelse bokmål – nynorsk - foto Min bakgrunn: Over 30 år som journalist, kommunikasjonsrådgiver, forfatter og skribent Bokutgivelser: «Når star kan jage måse» (lyrikk, Oktober forlag, 1978) «Fem stjerne blenk» (lyrikk, Tiden norsk forlag, 1982) «Hemnes i krig 1940-45» (faglitteratur, lokalhistorie, Hemnes kommune 1995) Messenger: messenger.com/t/finnbakk facebook.com/finnbakk Instagram: @finnbakkskrivestue e-post: torstein.finnbakk(at)gmail.com tlf +47 909 82 968

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: