Bordet

På kjøkenbordet
var livsgrunnlaget.

Der vart grauten og flatbrødet sett fram,
og grovkaka og lefsa,
nyrørt rips og godt smør.
Til kvardags kasserollen
med uskrella, mjølne potetar.
Lettsalta torsk og flesk.
Ein sommars dag sprøsteikt auring
frå den grunne bekken.
Raud i kjøtet.

Kjøkenbordet
var midtpunktet
for ei handfull menneske
som benka seg rundt det
i ei tid gøymd bak bleike dagar.

Då han skulle ta dei første stega,
greip han
med dei små butte nevane sine
eit solid tak i bordkanten
for å heise seg opp.
For han var det
heilt utenkeleg
at det kunne velte.

Foto: Eva C. Hildal

@evac.hildal

Tekst: Torstein Finnbakk

@finnbakkskrivestue @tofi1952

Éin kommentar

Filed under Feature, Lyrikk

One response to “Bordet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s