HALVE HIMMELEN OG HALVE JORDA

Av bleike mødrer føddest vi med møde
på kloden som skal gje oss liv og grøde
Og du som vart til søstra — kona — mora
skal eige halve himmelen og jorda

Dei fleste blir kje dronning og madonna
men slit det tyngste og gjer halve onna
Åt dei ber songen gjennom storm og tora
at du eig halve himmelen og jorda

Og fleire gjekk i skam — vart trellekvinne
i mørkre — basta — bundne — mura inne
Dei fann vel kanskje aldri rettesnora
og banna både himmelen og jorda

Så mang ei søster høvrer når det tetnar
— Gå heim til voggemeien til det letnar
Men trassig — tårebleik ho kviskrar orda
— Vi eig ei himmelflik og halve jorda

Sjå — nokre støyper ljos med varme hender
og aldri sløkkest veiken som dei tenner
Då syng dei — jenta — søstra — kona — mora
— No tar vi halve himmelen og jorda

(Fra Torstein Finnbakk: Fem stjerne blenk, Tiden / Nordnorsk Forfatterlag, 1982.)

Reklamer

1 kommentar

Filed under Feature

One response to “HALVE HIMMELEN OG HALVE JORDA

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s