Hurtigruta juni 2011

Eg er ingen sjøulk.

Ein gong var eg med og spydde ut ein motortorpedobåt

Og eg minnest med gru ein seilas over Lopphavet

med gammal-Erling Jarl,
då sjyen kom forsande innabords
og det sto ein fot vatn på lugargolva

Men eg kom heim til jul.

Laurdagskveiden i den veka NRK sette kjøl på Nattønsket, sto eg klar på Nærøysundbrua, då NordNorge kom sigande med TV-kamera som gallionsfigur

i baugen,
og bror min ringte og fortalde at han såg meg.

Eg fotograferte hurtigruta med mobilen,

og med kamera.
Framanifrå og attanifrå der oppefrå brua

Før eg heiv meg på sykkelen og trødde inn til Rørvik, akkurat då ho sette på sidepropellane

og seig inn til kai.

Der møtte eg ein kompis som hadde sykla eins ærend
frå Brønnøysund.
Han skulle vere med NordNorge, ilag med turistar og TV-kamera, heim same kvelden.

Det var storsjau på kaia.
Viknaværingane passa på å feire Hurtigrutas Dag der i Rørvik den dagen med  ordføraren på alerten og hornmusikk på plass

Dei spela «Månemann»,
mens eg stod der og hang med sykkelen
med ein blå hjelm på skolten.

Eg måtte tråkle meg fram i trengselen bortover kaia,

Du kunne ikkje presse så mykje som tverrhanda mellom meg og medborgarane mine då.

Eg aksla meg framåt gammalhurtigruta, Nordstjernen,
sørgåande, som og va kommen inn til Rørvik.

Halvparten av Vikna sine 4000 innbyggarar var møtte opp der denne kvelden.
Halvparten. 2000 på kaia og i småbåtane.

Men så va det å hive seg på sykkelen igjen,
til hytta, kor eg hadde latt TV-en stå på.

Då var ho på veg nordover igjen,
gjennom det tronge sundet nord for Måneset.

Å så møtte ho Helgelandskysten
i den flottaste midtsommarnatta med rosa- oransje- og fiolettnyansane på fjell og sjø, og ho Kari Bremnes song – og det var lyst, og det er mykje mørkare no enn då,

For resten av signingsferda langs riksveg
nummer ein vart ei einaste midtsommarnattsdraum
med Helgelandskysten som suveren seierherre.

Eg satt og såg det på TV, då ho seig under
Brønnøysundbrua i stavstilla mens feststemte brønnøyværingar rølpa og skreik

«Velkåmmen tel Brønnøysschuinn» og vrengte av seg overskjorta og vifta med ho, mens dei brøla enno meir, for det var kyststevne der i byen – og øl å få.

Og dei heldt fikling med telefonane sine, alle ihop,  mobiltelefon i eine handa og eitt skilt av bølgepapp i den andre handa, som dei vifta med for at  ho Besta på Forvik, morsan og ho Prutt våres på Mindlandet skulle sjå dei på TV. Sjå meg – her er eg – på TV – og eg drit i hurtigruta – berre di ser meg heime. Meg. Meg.

Og Brønnøysund Musikkorps, sjølvaste BMK,
spela «Månemann».

Og sånn var dei – sånn var dei på kai etter kai, i Sandnessjøen var dei visst enno fullare,
for der var nattklubbane akkurat stengde då skipet  NordNorge gjorde sin entre og natta var fylt med nostalgi, magi og selfiar.

Vi såg dei alle, der dei sto på berga frammed fjæræ og vifta med pledd og småungar.

Somme hadde spjåka seg ekstra mykje ut,
til og med inni Trollfjorden var det nokre jenter
så ha kledd seg ut tel – ja no kan du gjette…troll.

Og av å til måtte eg på arbeid, mens TV-en stod på.

I Skjervøy såg eg kor sannsynleg uoppdragne ungar dei hadde der,
som heldt på å trø ned heile landgangen.

Og eg fekk sjå Honningsvåg.

Og så – så kom Kjøllefjord, i storm og juni-sklett.

Der såg eg ein elev, ein eg hadde  på barneskolen i 1973.

No stod han der og fraus stakkar i ein blå genser.

Og hornmusikk vart det. Og jentungane dansa. Og tok selfiar.

Men i Mehamn, der stod han Elvis Presley

me forsterkar i ei egnarbu med lokal båddygard.

Det var stort,

i tungsjøen langs månelandskapet bortover Aust-Finnmarka
med solgløtt over Vadsø.

Seiersgang gjorde ho – seierseilas før kysten, aksjonærane og Destination Helgeland.

Tenk at like til i Nepal sat dei og såg på dette,

og i Aserbajdsjan – derifrå fikk blandakoret i Honningsvåg
– eller kor det no var – innbyding til å komme og synge –

Og det var hurtigruta si skyld – og  NRK2.

Legg igjen en kommentar

Filed under Feature

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s