Ein slitar på kysten
Bygd på Vestlandet i 1898
I fjordfart, i kystfart
Med tømmer og plank
Bølgeblikk og forhudningspapp
Mjølkespann og smørbuttar
Taugkveiler og nøter
Høyballar og kornsekker
Komfyrar og sild og sirup
og tang, ikkje minst
Og ei geit som stod i band
frå Hortavær til Måneset
Rundt 80 år gamal vart ho
sett på land for siste gong
Beingrinda hennes
stikk enno opp av fjæra
Saman med restane
av ein seigliva
180 hk Caterpillar
#lauvøya 2018
Les også Frakteskuta «Dorthea»